|
Other
|
Information
|
|
Type
|
Pressemelding,
Bellona
|
|
Name
|
Havgåande
fiskebåtar som slepeberedskap
|
|
Description
|
I samband med intensjonsavtalen mellom
Fiskebåtredernes Forbund og Fiskeridepartementet om bruk av
fiskebåtar som slepestøtte, er det utarbeida ein rapport
som går gjenom kva som må på plass før ordninga
kan ta til.
|
|
Document links
Link name (type:
size: )
|
|
Oljevernberedskap:
Havgåande fiskebåtar som
slepeberedskap
I samband med intensjonsavtalen mellom
Fiskebåtredernes Forbund og Fiskeridepartementet om bruk av
fiskebåtar som slepestøtte, er det utarbeida ein rapport
som går gjenom kva som må på plass før ordninga
kan ta til.
I rapporten ”Havari- og oljevern i
Nord-Norge” som er utarbeida av Fiskebåtredernes
Forbund, J.M. Hansen AS og Tromsø Skipsverft AS går det
fram at norske havgåande fiskebåtar kan nyttast som
slepebåtar ved havari, men at ei rekke ting må på
plass fyrst.
Båtane må rustast opp
Blant dei tinga som må på plass før fiskebåtane
kan fungere som slepebåtar er eit rammeverk for dei tekniske
løysningane og for personell. Også økonomiske
rammer, tilgjenge og opplæring må
gjennomgåast.
I alt ca. 100 fiskefarty i havfiskeflåten har
over 45 tonn slepekraft. Rapporten gjev ein oversikt over 98
fiskefarty som kan nyttast som slepestøtte, men sjølve
utveljinga er ei oppgåve for myndigheitene, og vert ikkje
kommentert i rapporten. Rapporten estimerer at kvar av dei 98
båtane som kan inngå i slepeberedskapen må rustast
opp for 220.000 kroner kvar, men konkluderer med at beredskapen
langs kysten kan bli mykje forbetra med relativt beskjedne
pengesummar.
Opprustninga av trålarane inneber dei har
følgjande ekstra utstyr ombord for å kunne utføre
slepeassistanse:
-
Kraftig
linekasteapparat inklusiv utskytingsstativ
-
Sjaklar
for innfesting av trålvaier til svivel
-
Svivle
med 200 tonn SOL
-
Sjakkel
for innfesting av svivel til slepetrossa, 200
SOL
-
Eit eige
skap vert bygd for dette utstyret
Det vert også sett krav til
lanterneføring, noko som kan innebere ekstra montering av
lanterner og signal. Fiskebåtredernes Forbund meiner ein
må etablere kompensasjonsordningar for opprustinga,
øvingar, ekstraforsikringar m.m.
Det er og utarbeida ein operasjonsplan for
fiskefartya i beredskapen. Båtane skal inngå i
Kystberedskap og aksjonsleiningsplanen (KYBAL). Fiskefartya som
mottek mobiliseringsvarsel vert underlagt Landsdelskomando Nord-
Norge sin kommando inntil varsel om at Kystverket si
beredskapsavdeling har teke over aksjonsansvaret.
Fartya må vurderast nærare. Rapporten baserar seg på
bruk av den havgåande fiskeflåten, som er sterkt
representert utanfor kysten av Nord-Norge, for å halde/slepe
havaristar inntil tilstrekkeleg slepeassistanse for slep til
naudhamn eller verkstad er på plass. Om ein situasjon der det
er behov for assistanse oppstår skal trålaren avbryte
eventuelt fiske og segle mot oppgjeven posisjon. I rapporten vert
tid som går med til å klargjere trålaren frå
aktivt fiske til den er klar for å segle mot havaristen
estimert til 30 minutt. Det er og sett som krav at alt mannskap
på trålarane som skal nyttast til slepeassistanse har
kurset ”Sikkerhetsopplæring for
fiskere”.
Rapporten munnar ut i følgjande
anbefalingar:
-
Eit lite
utval farty vert vurdert nærare (skisse for korleis dette skal
gjerast i rapporten)
-
Det vert
halden ein fullskala-øving, for eksempel på Haltenbanken
med ein tankar i venteposisjon (for eksempel ved
Norne)
-
Det vert
laga rammer for avtalar
-
Det vert
avgjort korleis beredskapen skal organiserast
-
Det vert
inngått avtalar for enkeltfarty
-
Det vert
iverksett opplæringsprogram
-
Beredskapen vert iverksett
Bekymring for Russisk oljetransport
Rapporten er utarbeida etter at Fiskeriministar Svein Ludviksen og
Fiskebåtredernes Forbund i sommar underskreiv ein
intensjonsavtale om bruk av havgåande fiskebåtar til
slepeberedskap ved eventuelle havari langs
norskekysten.
Intensjonsavtalen, samt at Fiskeriministaren gjekk
ut og lova ein styrking av slepebåtberedskapen skuldast den
stadig aukande oljetransporten frå Russland. Då
tankaren
Moscowmed 100.000 tonn
olje ombord kom i drift utanfor Honningsvåg 25. juni var
næraste slepebåt 10 timar unna. Denne episoden vart ein
vekkar som avdekka alvorlege hol i beredskapen.
Kort tid etter denne hendinga gjekk
fiskeriminister Ludviksen ut og sa at ei styrking av
slepebåtkapasiteten i nord absolutt er nødvendig. Som eit
strakstiltak vart det sett i gang ein anbudsrunde for å leige
inn
to
beredskapsfartysom skulle
plasserast i Finnmark.
Satsingar i statsbudjettet
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er betre
sjøtryggleik og beredskap omtala som eit
av
hovudsatsingsområda til
Fiskeridepartementet. Føreslegne
tiltak er å styrke slepebåtkapasiteten i nord med tre
farty, og at Kystverket leiger inn eit slepefarty som dekker
Aust-Finnmark. Samstundes tek Forsvaret på seg å ha eit
farty med slepebåtkapasitet i Vest-
Finnmark/Nord-Troms.
Eit norsk-russisk samarbeid om å utvikle den
totale norsk-russiske beredskapen er også i gong. Viktig i
dette arbeidet er eit gjensidig varslings- og informasjonssystem
for oljetransporten i Barentshavet.
Vidare er det føreslege at det
pågåande arbeidet med ny trafikksentral i Vardø
får ein startbevilgning på 2,5 millionar kroner i 2004.
Den nye trafikksentralen for Nord-Norge skal stå ferdig innan
2007.
Eit anna tiltak for å betre sjøsikringa
er utbygginga av såkalla AIS (Automatisk Identifikasjonssystem
for skip) som skal stå ferdig i 2004. Dette systemet gjer det
mogeleg å overvake skipstrafikken langs kysten ved at skipet
sitt reiarlag, flaggstat, lastetype med meir vert rapportert.
Totalt vil investeringane i AIS kome på 40 millioner
kroner.
I pressemeldinga i høve statsbudsjettet
nemner og Fiskeridepartementet at Kystverket har utarbeida ein
oversikt over
naudhamner og
strandsettingsplassarlangs kysten.
Så vidt Bellona kjenner til vart denne
oversikten
utarbeida i 1995, men revidert i
år. Også intensjonsavtalen med
Fiskebåtredernes Forbund inngår som eit av tiltaka som er
nemnt i statsbudsjettet.
Av andre tiltak for å betre
sjøtryggleiken og beredskapen nemner Fiskeridepartementet at
den utvida territorialfarvatngrensa på 12 nautiske mil og
etableringa av påbodne seglingsleier vert sett i kraft.
Bellona meiner dette er for nær land og har tidlegare
foreslått at skip med farleg last må gå ut mot 35
nautiske mil frå kysten. Dette forslaget blei bl.a. sett fram
i Bellona sin høyringsuttaling til "Forskrift om
påbudte seilingsleder i territorialfarvann" som vart
oversendt Kystverket i august i år.
Norges
Fiskarlagvil også ha
farleg trafikk lenger ut og vedtok på sitt landsmøte i
midten av oktober at moglegheita for å legge seglingsleiene
for oljetankarar 40 nautiske mil utanfor grunnlinja vert utgreia
snarast.
Katastrofal oljetrafikk
Det er heilt på det reine at oljevernberedskapen må
forsterkast. Dagens beredskap er ikkje god nok, og Bellona har
tidlegare
kravd
forbetringarpå ei rekkje
punkt. Med den aukande oljetransporten følgjer det og med
større tankarar, og det kan ikkje utelukkast at tankarar
på heile 300.000 tonn kan kome til å passere
norskekysten. Berekningar Bellona har utført viser at
oljetransporten frå Vest-Sibir som går langs norskekysten
vi auke dramatisk innan ein 5-års periode. Estimat viser at
ca. 80 millionar tonn olje årleg vil bli skipa ut frå
Vest-Sibir.
Ny slepebåt på plass
Den siste utviklinga innan styrkinga av oljevernberedskapen i nord
er slepebåten
Skandi
Betasom no er på veg til Øst- Finnmark der
den skal vere permanent. Leigeavtalen for båten vart
underskrive i går med Fiskeriministar Ludviksen til stades.
Skandi Beta har ein slepekraft på 137
tonn.